klart å følgje opp.
Han viste til grundige rapportar og var særleg bekymra for at vi nå tyner dei tilsette , og gir mange gode medarbeidar altfor harde arbeidsdagar innan omsorgssektoren.
Jan Kløvstad ville kome opposisjonen i møte og ha ei brei drøfting på tvers av posisjon og opposisjon for å finne felles løysingar framover. Han utfordra Frp til å kome med reknestykke som kan vise korleis botnlinja i kommunen vil sjå ut ved slutten av 2009 og 2010. Frp vil redusere eigedomsskatten og etter kvart fjerne den heilt, vil plusse på alle omsorgsutgifter og spare vekk småutgifter til miljø og informasjon.
– Arendal kommune har 3000 tilsette og ein einaste informasjonsrådgjevar. Frp har 30 tilsette og heile fem informasjonsmedarbeidatrar. Eg ønsker ikkje at Arendal kommune gjer som FrP og har 16,67% av dei tilsette opptatt med informasjonsarbeid, sa han.
Venstre bad om felles gruppemøte i fleirtalet – og gjerne også med andre – for å diskutere gjennom forslaga både frå posisjon og opposisjon for å finne felles konstruiktive løysingar.