Hanssen må avklare om kjernejournal

Stortinget handsama denne veka Venstre sitt framlegg om Personkommisjonen si innstilling, oppretting av kjernejournal og sikring av sensitive helseopplysningar. Venstre er tilfreds med at særleg Høgre, Krf og Ballo frå SV ser dei personvernmessige sidene ved manglande tryggleik ved innføring av elektroniske pasientjournalar, men ikkje tilfreds med at anbefalinga frå Personvernkommisjonen, Datatilsynet og Helsetilsynet ikkje vert teken med.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Sjå Ludvigsen sitt framlegg og innstilling her.

– Legevisitten skal nå reformerast på ein slik måte at teieplikta vert ivareteken på ein betre måte, seier helsepolitisk talsmann i Venstre Gunvald Ludvigsen etter at eit samla Storting gjekk inn for at det skal opprettast nye rutinar for å sikre retten til at sensitive helseopplysningar ikkje vert formidla i påhøyr av andre.

– Det er også gledeleg at eit samla Storting meiner at det må leggjast til rette for opplærings- og haldningsskapande tiltak for at teieplikta skal etterlevast av alt helsepersonell, seier Ludvigsen

Kjernejournal

Framlegget om oppretting av elektronisk kjernejournal vert støtte av eit mindretal av Høgre, Ballo frå SV, KrF og Venstre. Helseminister Bjarne Håkon Hanssen sa imidlertid følgjande i debatten:

"Vi må være klar over at det som ble vedtatt i Odelstinget i forrige uke, knyttet til Ot.prp. nr. 51, er at det nå åpnes for at det kan lages forskrifter som kan danne grunnlag for forsøk med f.eks. regionale elektroniske kjernejournaler. Vi er ikke kommet lenger enn at det i lovverket åpnes for å gjennomføre prosjekt og forsøk. Først etter at vi har gjort oss noen erfaringer med det, vil det kunne være spørsmål om å gå så langt som komiteens flertall ønsker nå, nemlig å lage nasjonale elektroniske kjernejournaler".

– Det er gledelig at helseministeren opnar for forsøk med regionale elektroniske kjernejournalar, og eg føreset at han legg Venstres sin definisjon av kjernejournal til grunn, nemlig at han utelukkande skal innehalde livsnødvendige opplysningar, seier Ludvigsen. Alternativet utan ein skikkeleg definisjon av kva livsnødvendige opplysningar er gjer at vi får vidopne journalar kor helsepersonell kan få tilgang til våre mest private opplysningar.

Ludvigsen ba i debatten helseministeren definere kva han faktisk meiner med livsnødvendige opplysningar. Men dette unnlot Helseministeren å svare på. Etter Venstre si meining er livsnødvendige opplysningar avgrensa til t.d. opplysningar om du går på hjartemedisin, har livstruande allergiar eller kreftsjukdom.

– Vi ser fram til statsråden sin definisjon av livsnødvendige helseopplysningar, seier Ludvigsen.

Referat frå debatten om framlegget kan du lese her ( sak 12)

http://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Referater/Stortinget/2008-2009/090616/

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**