Innlegg
Det er av stor eigenverdi at menneske som ønsker å satse på eiga bedrift skal ha gode rammevilkår. For å utvikle morgondagens bedrifter treng vi fleire unge menneske som brukar utdanninga og kreativiteten sin til å utvikle nye idear . Derfor vil Venstre gi ferdigutdanna studentar som vel å starte for seg sjølv, rentefritak og betalingsutsetting på studielånet i inntil 3 år. For dei som ønsker å starte studentbedrifter vil Venstre utvikle stipendordningar. Dette vil gjere det enklare for dei som ønsker å starte for seg sjølv i ung alder.
Det er viktig for Venstre at tiltaka som blir gjennomført er mest muleg like for alle, derfor bruker vi skattesystemet for å fremje fleire småbedrifter.
Mildred Marita Ramberg Røthe, Fylkesrepresentant for Venstre