Vi treng meir openheit i kommunane

Venstre har gjort framlegg om at møter i kommunale kontrollutval skal haldast for opne dører. No har Stortingets Kommunal- og forvaltningskomité handsama framlegget og fleirtalet meiner at møta framleis som hovudregel skal vere stengde. Det er det grunn til å ottast over.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Offentlege møter i kontrollutvalet vil gje borgarane betre innsyn i – og interesse for – eigenkontrollen i kommunane, og dermed gje grunnlag for auka tillit til kommunane. Kommunelova burde vore endra slik at møta i kontrollutvalet som hovudregel skal haldast for opne dører, slik regelen er i andre kommunale møter.

Venstre meiner at det er lite gjennomtenkt å halde fram med ein hovudregel som går ut på å halde møta stengde i dei organa som har som si hovudoppgåve å føre tilsyn med at forvaltninga opptrer i tråd med intensjonane om god forvaltningsskikk. Difor fremja Venstre eit representantforslag om å la møta i kontrollutvala gå for opne dører og at dei berre kan stengast der særskilde grunnar talar for det.

Ei tillitsskapande kommunal forvaltning føreset openheit og innsyn i verksemda til kommunane. Kontrollutvalet er den viktigaste reiskapen kommunestyret har for å føre tilsyn og kontroll med den kommunale forvaltninga. Verksemda i kontrollutvalet medverkar til å sikre effektiv og rett bruk av ressursane i kommunane og til å førebyggje og avdekke misleghald og uheldige tilhøve. Det er difor innsyn for borgarane og ålmenta er så viktig.

Høvet til å vere til stades på møter i folkevalde organ er ein grunnlovfesta rett for ålmenta, jamfør revisjonen av Grunnlova sin § 100 i 2004.

Det finst mange eksempel på at fylkesmennene vegrar seg for å handsame klager frå presse eller publikum på manglande møteoffentlegheit og der Sivilombodsmannen har peika på – og retta opp – openberre lovbrot frå dei folkevalde. At departementet vil gje folkevalde høve til å klage er vel og bra. Men møteoffentlegheit er ikkje til for dei folkevalde. Det er til for folket!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**