Siger for juryordninga

– Avgjerda i Høgsterett er svært positiv for oss som er forkjemparar for juryordninga, seier Gunvald Ludvigsen. Høgsterett har vedteke at juryordninga kan halde fram slik vi kjenner den, og at det ikkje er i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) å fastsetje skuldspørsmål utan grunngjeving.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


– Venstre har heile tida stått fast på at vi ønskjer å halde på – og utvikle – juryordninga, seier Gunvald Ludvigsen. – Høgsterett peikar på at det kan bli stilt strengare krav til juryavgjersler i tida framover, og det passar godt med Venstre sitt framlegg om forbetringar.

Styrke og forbetre
– Venstre ønskjer ein heilheitleg gjennomgang av lekfolk sin innverknad i norske rettssalar og vi vil forbetre og styrke gjeldande juryordning. Mellom anna må juryen sine avgjerder grunngjevast og rettsapparatet må tilførast tilstrekkeleg med ressursar for å sikre dette. Vidare bør rettsbelæringa komme tidlegare i rettssaka og det bør vurderast meir konkrete retningsliner for kva den skal innehalde.

– Venstre ble danna for å innføre juryordninga. Den vil vi slost for å behalde. Vi vil kjempe mot ei endring som bidreg til at fagdommarane vil dominere i rettssalane på kostnad av lekdommarane. Berre ved å behalde og forbetre juryordninga vil vi sikre at vi ikkje går attende til eit embetsmannsvelde i norske rettssalar, seier Gunvald Ludvigsen.

Demokratisering
Den største fordelen med å oppretthalde juryen framfor ein meddomsrett, er at juryen sikrar reell folkeleg medverknad i dei alvorlegaste straffesakene. Venstre kjempa gjennom juryordninga i 1887 nettopp for å sikre at tiltalte skal dømmast av likemenn og ikkje av embetsmenn.

– Innføringa av juryordninga var ein viktig lekk i demokratiseringa av Noreg. Å bli dømd av medborgarar er framleis eit viktig demokratisk prinsipp.

Lekfolk
Lekfolk er eit viktig korrektiv til fagdommarar. Erfaring viser at lekfolk er meir utrygge saman med fagdommarar enn når lekfolk sit saman i ein jury. – Venstre frykter difor at ein meddomsrett vil svekke lekfolk sin reelle medverknad i norske rettssaker. Slik vil også heile prinsippet om å bli dømd av sine likemenn bli svekka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**