Venstre vil ta vare på Stall Siring

Venstre har i fleire år kjempa for at Stall Siring ved Brekka i Austre Moland skal få utvikle seg. Stall Siring blei etablert nettopp der i tillit til at bedriften skulle få vere i fred, bygge opp solide arbeidsplassar og gi gode tilbod til meir enn 300 barn og unge kvar einaste veke.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Nå får planutvalet i Arendal enda ein gong opp saka om reguleringsplan for Snøreismyr, altså ønska om skyteanlegg berre noen hundre meter frå ridesenteret. Vi vil ikkje risikere at arbeidsplassane i gründerbedriften Stall Siring skal gå tapt, vi vil ikkje risikere fritidstilbodet til over 300 unge og heller ikkje grønn omsorg-tilbodet som så mange nyt godt av på dagtid.

Stall Siring 1

Foto: Jan Kløvstad

Både eigarane av Stall Siring og det offentlege gjennom landbrukstilskot har satsa stort og riktig på Stall Siring. Denne satsinga må vi ikkje risikere, seier venstres bystyremedlemer Anne Tørå Solsvik og Jan Kløvstad.

Stall Siring 4

Foto: Jan Kløvstad

Rådmannen viser til at Aust-Agder fylkeskommune har reist innsigelse mot skytebane ved Snøreismyr like ved Stall Siring, og ber om at reguleringsplan for Snøreismyr blir sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd.

Venstre vil avvise skytesenterplanane her og nå, og be om nye forhandlingar med Froland. Alt tyder på at Froland har god plass til dei mange dyktige skyttarar i skytemiljøet i Arednal. Skytremiljøet firtener gode vilkår etter å ha vore utan bane sidan tidleg på 1980-talet. Eit slikt skyteanlegg må ligge på ein palss der også det kan utvikle seg, og ikkje vere stengt inne av verneområde og eit hestesenter under stadig utvikling.

Les heile saka her.

Les også om Venstres arbeid for hestesenteret tidlegare.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**