Dårlig løysing for kraftlinjer mellom Sogn og Sunnmøre

– Kraftlinjer må i større grad leggjast i jord og sjø i kontroversielle områder der luftspenn vil vere øydeleggjande for miljøet. Dette vert ikkje ivaretatt når NVE har gitt Statnett konsesjon om bygging av kraftlinjer mellom Sogn og Sunnmøre. Denne saka vert anka inn til Regjeringa. Regjeringa må komme med ei avklaring før valet. Etter valet vil truleg konsesjonane frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) bli ståande, seier Gunvald Ludvigsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Gunvald Ludvigsen

Foto: Marta Kvikne

Til tross for høglydte lokale protestar har Statnett fått konsesjon frå NVE for å bygge ein ny kraftleidning mellom Sogn og Sunnmøre. Også NVE sin konsesjon om kraftlinja i luftspenn gjennom heile Hardanger, vekkjer stor debatt.

Stemte ned skånsam utbygging
Seinast i Stortinget i går, under behandlinga av regjeringa sitt forslag til energilova, stemte Venstre for to forslag for å sikre ei meir skånsam utbygging av kraftliner.

– Dette stemte regjeringspartia imot. Dette er nok eit eksempel på at regjeringa og regjeringspartia bryt sine klåre løfter om ein ny kurs innanfor dette politikkområdet. Venstre har vore tydelege overfor regjeringa på at det må lagast retningslinjer for at høgspentlinjer i større grad leggast i jord og sjø der luftspenn er øydeleggjande for miljøet, understrekar Ludvigsen.

Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre ville ha følgjande vedtak i Stortinget i går: «Stortinget ber Regjeringa utarbeide retningslinjer for framføring av kablar i sentralnettet som opnar for auka bruk av jord- eller sjøkabel i konfliktområde og der alternativ kabling kan redusere konfliktnivået og belastninga på miljøet.»

Dårlig løysing
– Konsesjonen på ny kraftleidning mellom Sogn og Sunnmøre, er ei dårlig løysing. Den viser at det no er etablert ein uheldig politikk som vidareførast. Eg utfordrar regjeringspartia til å komme med ei avklaring før valet. Dersom dette skyvast til etter valet fryktar vi at regjeringspartia berre set to strekar under NVE sin konklusjon, avsluttar Gunvald Ludvigsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**