Frå raud til grøn skatt

Det sosialdemokratiske skatte- og avgiftssystemet vi har i dag, tek ikkje høgde for at verdiar må skapast før dei kan delast. For å fremje verdiskaping, valfridom og velferd vil Venstre difor ha ein overgang frå raud til grøn skattepolitikk. Eit grønt skatte- og avgiftssystem inneber færre og lågare skattar for arbeidstakarar og næringsdrivande, samt fleire og høgare avgifter på forureining. Dette skil Venstre sin skatte- og avgiftspolitikk frå dei andre partia.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Dette skriv Unge Venstre, her innsendt av vår tredje kandidat på Stortingsvallista og leiar i Sogn og Fjrodane Unge Venstre, Janne Sørum.

Janne Sørum

Janne Sørum

Det bør verta dyrare å skape problem, og det bør verte lønsamt og lettvint å forhindre dei. Dette handlar om mykje meir enn miljøpolitikk. I ei tid med stigande arbeidsløyse og mangel på satsingsvilje innanfor næringslivet er det viktig å gje incentiv til å skape, oppretthalde og utvikle bedrifter og arbeidsplassar. Regjeringa driv difor med dårleg motkonjunkturpolitikk når dagens høge skatte- og avgiftsnivå vert oppretthalde. Regjeringa har og auka verdsetjinga av unoterte aksjar, samtidig som det har vorte vanskelegare å arve familiebedrifter. Dette er tiltak Venstre vil å reversere.

På sikt vil vi og fjerne formueskatten. Noreg er det einaste landet i Europa med formuesskatt. Medan den norske stat og utanlandske aktørar slepp unna, vert norske gründerar og andre bedriftseigarar straffa for å skape arbeidsplassar for seg sjølv og andre. Saman av resten av den raude skatte- og avgiftspolitikken gjer dette at norsk næringsliv tapar terreng, både her heime og utanlands. Dette er sosialisme utan kontroll, og dette kan ein ikkje avhjelpe med verken krisepakkar eller oppkjøp av dårlege Røkke- aksjar med støtte frå FrP. Det einaste som hjelper er ei regjering utan sosialistar og høgrepopulistar.

Ta gjerne kontakt med Janne Sørum for meir informasjon.
Tlf: 97 07 47 79
E-post: [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**