Kokelimonke eller konstruktiv samtale om Dyvika?

Agderposten skriv om “kokelimonke” i planutvalet torsdag. Vi kjenner oss ikkje igjen i omtalen av den store utbyggingsplanen for Dyvika, skriv ordførar Torill Rolstad Larsen, Ap og Jan Kløvstad Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Vi ville ha ei løysing med respekt for tidlegare vedtak, respekt for grundig arbeid frå utbyggar og arkitekt og respekt for naboane bak det planlagte feltet. Naboane var redde for å miste utsikt. Derfor foreslo vi (formelt fremma av Jan Kløvstad) å finne fram til ei reell og juridisk haldbar løysing som både naboar og utbyggarar kunne vere nøgde med. Ordførar, forslagsstillar, rådmann og arkitekt sette seg derfor saman noen minutt og kom fram til ein ordlyd som ville gi ein etasje lågare foran naboane, ein etasje høgare der det ikkje bur naboar bak og framleis like mange hus/leiligheiter. Men FrPs Arne Austenå var skeptisk til den løysinga vi snakka oss fram til med utbyggar og arkitekt og fekk fleirtal for å tillate tre etasjers bygg midt i utsikten frå naboane bak. Forslaget vårt fekk berre 4 av 9 stemmer.

Nå er det opp til utbyggar å bestemme om naboane skal få utsikt til Tromøysundet eller ikkje.

Hovudpoenget vårt er at utbyggar og arkitekt var heilt på linje med oss, og vi håpar derfor at utbyggar i det vidare arbeidet vil lytte til kompromissforslaget og redusere høgdene foran naboane og på den måten skape eit betre bumiljø både for dei som bur i Dyvika frå før og for dei som skal flytte inn i det nye feltet. Det Agderposten kallar "kokelimonke" burde heller vore omtalt som ein åpen og søkande samtale for å finne konstruktive resultat alle kan bli nøgde med.

Torill Rolstad Larsen

Foto: Jan Kløvstad

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

Torill Rolstad Larsen, ordførar Ap og Jan Kløvstad, V

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**