Den økonomiske situasjonen i Arendal er alvorleg

-Den økonomiske situasjonen i Arendal er alvorleg, og det er viktig å støtte rådmannens ønske om å tenke langsiktig, sa Venstres Jan Kløvstad i formannskapet torsdag. Han støtta alle spareforslag frå rådmannen bortsett frå å skjere ned på tilskotet til T5 i år.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Eit samla formannskap ville halde på driftsnivået i T5-senteret i år, og heller vurdere T5 i samla budsjettsamanhang til hausten. Venstre går inn for at bystyret alt 18. juni legg fast nivået for eigedomsskatt i 2010, og likevel må vi finne oss i eit hardare arbeidspress for alle tilsette både innan omsorg, oppvekst og alle andre sektorar.

Jan Kløvstad bad Frp forklare nærmare noen av delane i ei samla sparepakke som inneheldt dei vanlege FrP-forslaga: kutte miljøarbeid, Bomuldsfabrikken, Arendal Internasjonale Skole, oppmålingstenestene og konkurranseutsetting innan omsorg. Men svaret frå FrP var så ullent at det ikkje var noe som helst konkret å diskutere.

Arendal Venstre er villig til å sjå om delar av ein sektor kan bli organisert på ein annan måte. Vi har sett at Mesta bygger 27% meir veg pr krone enn “det gamle Vegvesenet”, vi har sett at anbudskonkurranse på Gjøvikbanen ga fleire tog, raskare tog og betre sørvis på alle plan. Venstre vil derfor sjå om det kan vere delar av tenestene til Arendal kommune som kan prøvast ut på nytt. Det er ein verdi i seg sjølv at fleire arbeidsmåtar kan konkurrere med kvarandre. Venstre ser at undervisningsopplegget ved Arendal Internasjonale Skole gir langt betre resltat for elevane enn den vanlege offentlege skolen. Å ha slike eksempel å samanlikne seg med og strekke seg etter vil kunne auka kvalitet og auka kompetanse, seier Venstre som har kvalitet på tenestene og ikkje vanetenkinga som rettesnor.

Tertialrapporten for 1. tertial skal nå til behandling i komiteane før endeleg bystyrebehandling 18. juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**