Opprinneleg bestemte planutvalet seg for at dette skulle vere næringsområde, så næring/bolig, og nå er altså planen som følge av vedtak i 2006 ein rein boligplan.- Det bør vi merke oss når vi diskuterer framtidige blandingsområde, sa
Det blei ein konstruktiv diskusjon rundt bordet, der utbyggar, arkitekt, rådmann og ordførar var med i arbeidet for å finne fram til gode løysingar. Kristen Bjormyr med fleire la også vekt på trygg skoleveg opp til riksvegen, noe berre han og Jan Kløvstad stemte for. Jan Kløvstad nemnte også at det er enkelt å lage gang- og sykkelveg mot nord til nærmaste busslomme. – To dagar med ein 8 tonns maskin, pluss litt pukk og sadde, så er det i orden, sa han.
I avstemming om Venstres forslag var det semje om at det vil vere ein stor fordel å “flytte” dei øverste etasjane. I avstemminga stemte 4 for Venstres konkrete forslag, mens resten syntest det heldt med å gi signalet munnleg til utbyggarane. – Det håpar eg nå at utbyggarane tar med seg i siste del av detaljplanlegginga, sa Jan Kløvstad.
Les sakspapira.
Og med det vedtok planutvalet å la utbyggar sette igang, med dei signala som kom i møtet. Venstre håpar utbyggar lyttar til dei klare signala. Les i Arendals Tidende.