Ønskjer stemmerett for 16 åringane

Gruppeleiar for Sauda Venstre, Vegard Floa, ønskjer stemmerett for 16 åringane. Den 10. juni skal kommunestyret handsama sak om kommunen skal søkje om å vera prøvekommune for stemmerett for 16 åringar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


— Å få senke stemmerettsalderen til 16 år er viktig for å inkludere ungdommen. Det er viktig for eit demokrat at vi innlemmer nye grupper, seier Vegard Floa til avisa Ryfylke.

Han peiker på at mange unge flyttar frå kommunen og er redd at politikken kan bli for prega av at gjennomsnittsalderen i kommunen aukar. Difor trur han det er viktig å engasjera dei unge. Sauda er ein MOT kommune.

— Det er tøft å tenke sjølv og å tørre å stå aleine. No må politikarane vise mot til å tørre, påpeikar Vegard Floa.

Les meir her >>

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**