Karl Andre Birkhol skriver

Var kulepennen tørr?
Sist valkamp gjekk dagens regjering høgt på bana i samband med den auka utfordringa knytt til fattigdom. Mellom anna påstod Kristin Halvorsen frå SV at fattigdommen kunne løysast med eit pennestrøk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Dette må vere eit slag i ansiktet for dei som festa lit til denne uttalen. Regjeringa har ikkje evna å løyse denne problematikken. Tvert om har det vore ein auke i tal personar som kjem inn under den definerte fattigdomsgrensa. No må regjeringa stå for sitt ord og gripe tak i dette.
Dagens regjering må kome med konkrete tiltak og planar for korleis dei vil takle fattigdomsproblematikken. I ei tid der media med store bokstavar kan fortelje oss kor fantastisk rike vi er, kor heldige vi er med lave renter, osv, må vi stille spørsmåla; Kva med dei som ikkje får vere med på denne rentefesten? Kva med dei som vert arbeidsledige og ikkje får den hjelpa dei har krav på frå det offentlege? Med dagens auke i tal arbeidsledige er eg redd for at desse menneska vil kome endå lengre bak i køa.

I samband med dette aukar sjølvsagt sosialutgiftene i kommunane, og utan at kommunane får tilført meir ressursar er eg sikker på at mange kommunar på sikt vil senke sosialsatsane. Vi høyrer stadig i media om enkeltpersonar som må vente i månadsvis på svar frå det offentlege når dei ber om hjelp.

Dette er uverdig!

Karl Andre Birkhol
2. kandidat stortingsvalet
for Møre & Romsdal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**