Venstre aksjonerte fredag 29.05.09 for kampanja “4-20-20” på Voss stasjon. 3.kandidat Gunn-Vivian Eide, 5.kandidat Runar Mæland og fylkesleiar i Hordaland Unge Venstre Erlend Horn kom frå Bergen, og møtte Knut Olav Nestås frå Voss Venstre på stasjonen. Saman samla dei inn underskrifter, som skal overleverast Stortinget neste tysdag, før Stortinget behandlar NTP.
– Målet vårt er at det skal ta 4 timar å reisa frå Bergen til Oslo innan 2020. Det vil då ta 45 minuttar frå Bergen til Voss, seier Gunn-Vivian Eide og Runar B. Mæland til “Hordaland”, dei er partiet sine 3. og 5. kandidatar i Hordaland.