Av Jan Kløvstad
"Stalins kyr", som blir lansert på norsk under Litteraturfestivalen på Lillehammer laurdag, er ein urovekkande og avslørande delvis sjølvbiografisk roman om tre generasjonars kvinneliv i Estland og estiske innvandrarar i Finland. Romanen er både ein brutalt ærleg og skremmande politisk roman og samtidig ei skildring av livet til ei ung kvinne med spisevegring, ein anorektikar.
På bildet Sofi Oksanen og Jan Kløvstad i samtaleprogram i Litteraturhuset i Oslo i april 2008.
Hovudpersonane er estiske Katariina som blir gift med ein finsk bygningsarbeidar, dottera Anna som blir født i "den erkefinske byen" og slekta mest sett gjennom kontakten med mormor Sofia på den estiske landsbygda. "Stalins kyr" vakte enorm oppsikt både i Finland, Estland og Sverige da den kom ut på finsk i 2003 og svensk i 2007. Forfattaren Sofi Oksanen, født 1977, er dramaturg og forfattar som blei nominert til den prestisjefylte Runebergprisen for "Stalins kyr", og i fjor fekk Finlands høgste litteraturpris Finlandiaprisen for nyaste boka si.
Estland blei okkupert og innlemma i Sovjetunionen under 2. verdskrigen, som del av ein pakt mellom Stalin og Hitler. Offisielt blei Estland frigjort og folket der fekk gleda av å leve i eit sosialistisk paradis, eit glansbilde mange sosialistar i vest også trudde fullt og fast på: "De finska röda familjerna kunde för sin del inte begripa varför jag inte pratade ryska. Vilken entusiasm i deras ansikten när de fick reda på mitt estniska ursprung! Till og med passion. . De kunde inte föreställa sig att Sovjet-Estland för oss inte var en del av världens första socialistiska stat, ett exempel som hela världen borde följa. Att hurraropen som hörts i radio när Estland förenades med Sovjet-unionen bara pågått tills man gav tecken på att de skulle upphöra, att de inte var spontana utan nogsamt inskrivna i ett givet manuskript och utförda i enlighet med detta."
I tilbakeblikk fortel Oksanen om korleis familien i boka opplevde "frigjeringa" og Sovjet-tida, om deportasjonane til Sibir og korleis partifolket flytta inn i husa til dei som blei sendte til årelange opphald i konsentrasjonsleirar: "Dagen efter deporteringane den där natten i mars flyttar Karlas dotter in i Miili Bergs hus. Hon bara öppnar dörren, kliver in och börjar bo. Till og med maten står kvar på bordet…. Spisen er varm, kaffet är ljummet, helt drickbart, och mjölk finns i kallskåpet." Det var vondt å vere i Sibir, vondt også å kome heim til hus der angivarar og partifolk hadde flytta inn. Taus protest var det einaste dei kunne drive med. I skogane var det noen skogsbrør, Estlands heimefront, som fortsatte kampen. KGB likviderte dei skogsbrørne dei fann. Ofte blei drepne skogsbrør begravd i skogen "så att fötterna stack upp". Men ingen turde snakke høgt, det var aldri godt å vite kven som var angivar: "Visserligen skäller väl hunden om det är okända som smyger rundt knuterna, men inte behöver de som står vid fönstret nödvändigtvis vara okända."
Oksanen fortel om den årlege skrivemaskinkontrollen, for å kunne avsløre kven som eventuelt skreiv noe anna enn den offisielle sanninga. Alle estarar visste at "ju officiellare besked, desto större lögn." Oksanen fortel om overvaking, angiveri, korleis telefonen i den nye finske heimen blei avlytta, korleis det plutseleg dukka opp andre estiske innvandrarar i nabolaget som visste merkeleg mykje om familien til Anna og den estiske mor hennes. Visst var det ein fridom å kunne flytte til Finland, men KGBs trådar gjekk også dit. Den for oss sjølvsagte og frie samtalen om familie, bakgrunn og tankar om framtida var risikabelt og kunne gå utover noen av dei nærmaste.
"Stalins kyr" er den estiske ironien om dei magre geitene i konsentrasjonsleirane. I den sosialistiske propagandaen blei ei mager geit lett til ei feit ku. Samtidig er tittelen ein metafor for dagens anorektiske og ufruktbare kvinneideal. Sofi Oksanen gjesta Litteraturhuset i Oslo i april i fjor saman med Imbi Paju, estisk forfattar og filmskapar som har gitt ut filmen og boka "Förträngda minnen". Begge skildrar estisk kvinnehistorie i den perioden norske og andre vestlege sosialistar hevda at det er umogleg å ha sann likestilling og truverdig miljøvernpolitikk utan sosialisme. Oksanen er ikkje den første skriv om livet bak jernteppet, men ho er ein av dei aller beste og samtidig ei ung og eksperimenterande stemme.
Det er også eit paradoks at Sofi Oksanen nå blir lansert på norsk av forlaget Oktober. Oktober er eit godt skjønnlitterært forlag. Men namnet Oktober er ein hyllest til den Oktober-revolusjonen i Russland som la grunnlaget for det terrorveldet store delar av Europa blei plaga med og mange millionar blei likvidert av. Ikkje eingong Hitler-Tyskland tok så mange liv som Oktober-revolusjonen la grunnlaget for. Ingen i Norge ville heldigvis våge å kalle eit forlag for Januar forlag for å heidre etableringa av Det tredje riket i Tyskland. Men i 2007 kunne vi lese fleire hyllestartiklar ved 90-års"jubileet" til Oktoberrevolusjonen på heimesidene til partiet Rødt og andre norske miljø. Sofi Oksanen bør bli pensum for alle som dyrkar orda sosialisme og kommunisme.
Sofi Oksanen:
Stalins kyr
Oktober forlag
(alle sitat er frå den svenske utgåva Stalins kossor, Bazaar förlag 2008)