Venstre vil ikke ha brygge ved Graudevighaue, sier Anne Tørå Solsvik

– Venstre vil følge rådmannens forslag og seie nei til brygge ved Graudevighaue på Hisøya, sa Anne Tørå Solsvik, som var redd for at eit ja til brygge

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


ved Graudevighaue ville gjere det vanskeleg å ta vare på heile bukta som i dag er fri for brygger. Dette er ei lokal sak, som vi må ta stilling til uavhengig av at fylkesmannen denne gongen ikkje er så negativ som i mange andre saker i strandsonen. I debatten kom det opp at området var ulendt, og ho stilte spørsmål om folk berre skal leite etter mest mogleg utilgjengelege område og rekne med å få lov til brygge.

Ho fekk støtte frå Nils Johannes Nilsen, Ap, mens Kristen Bjormyr, Sp, stilte forslag om å seie ja til brygga.

I avstemminga stemte Anne Tørå Solsvik, Jan Kløvstad og Aps Nils Johannes Nilsen for Venstres forslag, mens fleirtalet sa ja til brygga.

Les om saka her.

Og i Arendals Tidende.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**