Å ha ein bedrift som produserer og seljer ved på Krøgenes må vere heilt i samsvar med ønska våre for området. Den 4,2 mål store tomta i nordre del av området eignar seg godt til både produksjon og tørking av ved.
Prinsippielt vil Venstre selje kommunal eigedom til høgstbydande utfrå dei retningslinjene som er vedtatte for kvart enkelt område. Men den prinsippielle linja skal også vegast mot målsettinga å gi næringslivet forutseielege vilkår. Vi skal både gi rom for ny-etableringar, og vi skal gi rom for å utvikle seg for dei som alt er her.
Ved er kortreist energi, og vedstablar ofte eit vakkert syn. Og så er grunnhaldninga vår at det er flott at folk skapar ein arbeidsplass for seg sjølv om noen til.
Derfor stemmer vi for å gi Gjermund Risdal denne tomta, slik rådmannen formulerer i alternativet til vedtak
«Gjermund Risdal tilbys å kjøpe tomt I/L-1 til produksjon og omsetning av bioenergivirke. Det
forutsettes at tomta selges til markedsverdi i innhentet takst.
Det forutsettes at kjøper betaler en andel av kostnadene til ny infrastruktur (vei) i industriområde
slik som angitt i utbyggingsavtale.»
Senterpartiets Kristen Bjormyr og Framstegspartiets Arne Austenå ville gå for rådmannens forslag. Bjormyr ville ha området som grøntområde, mens Austenå ville selje til høgstbydande.
Venstres Anne Tørå Solsvik og Jan Kløvstad blei ståande aleine i formannskapet, og tomta blir nå selt til høgstbydande.
Les meir i Arendals Tidende, som i nettutgåva har kome i skade for å forveksle Krøgenes og Stoa. Det er Krøgenes det handlar om her.