tidlegare har gått sterkt inn for eitt Agder fordi Aust-Agder aleine ville bli for smått. At same mann nå plutseleg meiner halvparten av Aust-Agder er så stort og sterkt at vedtekter for Østre Agder gjer at det ikkje bør vere fylkessamanslåing på Agder, verkar noe underleg, sa Jan Kløvstad, som sa at Vensgtre framleis vil arbeide for ein sterk landsdel som mkan hevde seg i nasjonal samanhang. Eitt Agderfylke er viktig for å gi oss kraft i samarbeidet regionalt og styrke oss nasjonalt, sa han.
Anne Tørå Solsvik roste rådmannens orientering om Østre Agder, som også er gode argument for den velferdsreformen som Venstre vil fremme. Særleg innan helsesektoren er det mykje å hente i samarbeid og samanslåing for nå gi borgarane best moglege tenester.
Les meir om Østre Agder-samarbeidet.