– Ein god plan for Myra-Bråstad, seier Venstre

– Dette er ein gjennomarbeidd og solid kommunedelplan, sa Venstres Jan Kløvstad om andregangsbehandling av kommunedelplan for Myra-bråstad i planutvalet i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Venstre roste arbeidet, og la også vekt på fornuftige fornybare energiløysingar i heile området, som nå vil bli eit område med stor skoleutbygging, fleire nye idrettsanlegg, trygge vegar, gode grønne korridorar.

Jan Kløvstad bad om å få vite meir om dei tenkte byggeområda mot E18 og dei støyplagane dette kan føre med seg. Han varsla også at det vil vere viktig å ha som klart mål å unngå støyplagar for folk også i den komande traséplanlegginga for E18 Arendal-Tvedestrand. Administrasjonen orienterte om foreløpig støyutgreiing (vedlegg T7 i saksframlegget), og lova også å følge opp dette i det vidare arbeidet med denne omfattande kommunedelplanen.

Planen blei einstemmig vedtatt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**