Ikkje berre Vossajazz og påske!

April månad hadde også fleire møte i kommunale utval i Voss, og der m.a. Venstre fekk fleirtal i eit par viktige saker! Og tirsdag 12. mai er alle velkomne til viktig kulturmøte!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


INFO.BREV 5/09
April hadde ikkje berre Vossajazz og påske, men også aktivitet i kommunestyre og underutval, og gruppe-/ styremøte i Voss Venstre!

Det siste først: Styremøtet 28.04. bestemte detaljane i møte om kulturbygda Voss. Dvs. at det tirsdag 12.mai kl. 19.00 blir ope dialogmøte i møtelokalet i VIMI-bygget/Kafe 2. etasje (tidl Indremisjonskafeen.). Førebels tittel: Kva er Voss sin kulturelle identitet, kva er utfordringane framover – og kva muligheter gir kulturhuset?

Paneldeltakarar er journalist Nils Kvamsdal, kulturskulerektor i Ål; Jo Asgeir Lie, kulturansv.i Voss kommune; Gunnar Dagestad, bildekunstnar Kristian Finborud
og V-politikar Anne Jorun Ryum Møen. Ordstyrar blir Torstein Gunnarson

Gruppe-/styremøtet drøfta elles særleg ei sak i kommunestyret 30.04 om tilhøvet mellom Kløve – Palmafossen skule og Kyte barnehage.Det var fleirtal for at Venstre skulle stå på det V sitt standpunkt i den store skulestrukturdebatten for vel 1 år sidan, dvs. at dette området må vurderast nærmare med tanke på endringar. (I forrige kommunestyremøte følgde V opp Venstres andre hovudpunkt for moglege endringar, nemleg å redusera talet barneskular i Vangenområdet med 1. Venstre stemte då for KrF sitt framlegg om dette. Det fall.)

Kommunestyret 30. april vedtok så (til slutt) samrøystes (!) V sitt framlegg om å få kostnadskalkylar for renovering og utbygging av Palmafossen skule for gi plass til alle elevane ved Kløve skule, alternativt 5.-7.klasse, vidare for overføring av Kyte barnehage til Kløve skule. Ved overflytting av berre 5.-7.kl. frå Kløve skule, vil den så kunna hysa 1.-4 klasse pluss barnehage for Kyte- og Raundalen barnehage. (Sjå "Hordaland" for 2/5.)

KST vedtok elles m.a. justerte retningsliner for betaling m.v. i tilfelle ein politikar må leiga nokon til tilsyn/pleie av barn, sjuke o.l. ved fråver p.g.a. komunale møte.

I utval for miljø og kultur 23. april kom saka om bygging av stølsveg i Ljosandalen, retning Borgarbu, opp att som klagesak. Denne gangen fekk Anne Jorunn Ryum Møen med seg fleirtalet i at utvalet skulle ha synfaring før realitetsbehandling! (Avvist ved første gangs behandling.) Elles hadde MKU som vanleg mange saker om økon. støtte til ulike arrangement.

Utval for levekår vedtok i siste møte ein lokal læreplan i lokalt kulturstoff. Fint!

Ein kommunedelplan for reiseliv er no — etter vedtak i Utval for næring og tiltak lagt ut til høyring: Viktig — så flott om nokon vil setja seg inn i denne — og gi ei tilbakemelding til oss!

Las du K.O.Nestås sine betraktningar i "Hordaland" 28.04.over vel eitt år i kommunestyret?

Vel møtt tirsdag 12.mai — vonar vi ser mange av dykk då!
Beste helsing Torstein Gunnarson (gruppeleiar) Knut Olav Nestås (lagsleiar)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**