Det nærmar seg tid for fylkessamlinga vår og no er det meste på plass. Målet vårt er at denne samlinga skal setje oss i stand til å levere den beste valkampen "ever" for Hordaland Venstre slik at vi når målet vårt om to på tinget til hausten.
Samlinga er lagt opp med "lavbudsjettprofil" i desse krisetider. Det inneber at kostnaden for dykk blir mat og drikke noko som betyr ein hundrelapp eller to (alt etter kva de føler for).
Fylkessamlinga blir på Kafé Magdalena, Bymisjonen sin stad i Kong Oscarsgate 5.
Programmet er:
Fredag 5. juni – Verdas miljødag!
1730 Registrering og noko å bita i
1800 U tdeling av Hordaland Venstre sin miljøpris
1815 Miljødebatt
Temaer: Klimaforliket og Oljeboring i nord
Fra de andre partiene stiller blant anna Torstein Dahle (Rødt), Kjersti Toppe (SP), Filip Rygg (KrF) og Eivind Nævdal Bolstad (H).
2030 Middagstid
Mat og drikke må til i godt lag. Maten ordnar dei proffe med, resten ordnar vi arrangørane. Og så gjer kvar einskild opp for seg!
Det er ellers ingen deltakeravgift for samlingen!
Laurdag 6. juni Torgdagen for 32. gong
0930 Nokre av toppkandidatane får presentere seg og fortelje oss kva dei vil skal vere veljarane sitt inntrykk av dei på valdagen.
Det blir Gunn-Vivian og Runar. Lars Sponheim er i innspurten på behandlinga av revidert nasjonalbudsjett. Han får sjølvsagt sleppe til dersom han kjem.
Deretter får deltakarane høve til å spørje dei ut.
1100 Arbeidsstasjonar med drilling i viktige valkampverktøy
– nettsider
– Facebook
– blogging
– stands
– verving
– bruk av lokalpresse i valkampen
– regionale samlingar korleis kan samarbeidet styrke valkampen
– materiell: kva finnest og korleis får vi tak i det
– Stortingsvalprogrammet
1300 Lunsjpause
1400 Talknusing Stian Ludvigsen ser bak tala som ligg til grunn for meiningsmålingane.
Kva fortel dei oss og korleis kan dei hjelpe oss å nå målet!
1500 Me syng Nordmanden og reiser heim!
Overnatting må de ordna sjølv. Det er reservert nokre dobbeltrom på Rica.
Kontakt [email protected] om de vil vite meir om det.
Det er ledige hotellrom å oppdriva i Bergen den helga. Sjekk www.hotels.com
Sjekk også ut vandrerhjemmene på Bergen YMCA www.hihostels.no – sommertilbud
og Montana www.montana.no
Me gler oss til å sjå dykk og ønskjer alle velkomne til eit givande døgn i Bergen!
OBS! Ny påmeldingsfrist er satt til onsdag 3. juni kl. 15.00!
Så meld deg på snarest til fylkessekretær Gro Gjelsvik på [email protected] eller 55 55 30 60 (kun onsdag).
Helsingar frå Informasjons og opplæringsutvalet
Kari Østervold Toft
Velkommen!