Varaordførar Synnøve Handeland opna seminaret. Erling Meisingseth fortalte om hjortemerkingsprosjektet i kommunen, Arve Aarhus heldt innlegg om hjorteforvaltning og Vebjørn Veiberg rrå NINA heldt foredrag om forskingsresultata ein har hatt knytt til kjeveinnsamling mv før deltakarane vart invitert til debatt. Forsamlinga vart utfordra i høve fri avskyting av hjortekalv som tiltak for å redusere stamma, og det vart drøfting kring kva kommunen bør ha som mål for forvaltninga si.
Mange hadde synspunkt på dei ulike tema og varaordførar lova å ta med seg innspela i vidare arbeid med hjorteforvaltninga i Kvinnherad.