– Korleis vi behandlar og tek oss av dei eldre er sjølve lakmustesten på kor godt samfunnet er, seier Hordaland Venstres stortingskandidat, Lars-Henrik Paarup Michelsen.
Alt for ofte vert dei som både er eldre og sjuke kasteballar mellom statlege sjukehus og kommunale sjukeheimar. – Når vi er i ein så sårbar og usikker situasjon må ein kunne forvente at fellesskapet kan stille opp i nærmiljøet. Det handlar om tryggleik og verdigheit, seier Paarup Michelsen.
Gjennom landsmøtevedtaket sikrar Venstre ei gigantisk styrking av kommunane sin primærhelsetenesta. Målet er at kvar kommune som minimum skal kunne tilby spesialisert pleie og omsorg, helsehus og rehabilitering. Alt dette er oppgåver som i dag vert løyst av staten.