Landsmøte 2009: Strandsoneplan i kvar kommune

Det har vore til ugunst for kystkommunane i Sogn og Fjordane over lengre tid å ha felles regelsett og føringar for strandsona som Oslofjorden i øst og Blindleia på sør. Busetnaden i kystkommunane ligg ofte naturleg ved sjø, og ei hundremeters forbodssone for tiltak i strandsona høver dårleg i kommunar der fråflytting er ei aukande utfordring. Derfor har Sogn og Fjordane Venstre i mange år kjempa for å få ein differensiert strandsonepolitikk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


På landsmøte i Stavanger 25. april vart det vedteke at Venstre vil innføre krav om at alle kommunar pliktar å utferdige plan for aktuell strandsone tilpassa tilhøva i den enkelte kommune. Kvar plan skal godkjennast av offentlege mynde, og når ein plan først er etablert skal kommunane ha fridom til å gjere vedtak.

Dei som har planar kan då på førehand gjere seg kjend med kvar det kan vere aktuelt med tiltak og kvar det ikkje er aktuelt, og slik vil Venstre sikre ein meir forutberekneleg prosess.

Venstre har alltid vore forkjempar for å styrkje lokaldemokratiet, og tykkjer dette vedtaket fylgjer opp dette arbeidet.

Det er samstundes viktig at kommunane i si planlegging tenkjer langsiktig og tek omsyn til allemannsretten, natur, fauna, kultur, fornminne og anna slik at planen vert heilskapleg.

Venstre vonar at kommunane er dei som kjenner lokale tilhøve best og derfor er i stand til å forvalte sine eigne område etter ein plan som er godkjend av fylke/stat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**