Uttalelse Venstres landsstyre: 23.04.2009
Noreg har ilag med USA, Japan og EU oppfordra partane til å starte forhandlingar for å få slutt på kampane. Dette har vi ikkje lukkast i.
Sterkare press
Venstre meiner at Noreg saman med det internasjonale samfunnet, må legge sterkare press på partane i krigen på Sri Lanka for å hindre at blodbadet held fram. Verdsamfunnet må ikkje gjere same feil som i Rwanda og Srebrenica der ein passivt såg på folkemord. Partane må akseptere våpenkvile, og humanitære organisasjonar og journalistar må få høve til å kome inn i krigsområdet.
Venstre er oppteken av at rettane til den tamilske sivile folkesetnaden må sikrast. Det internasjonale samfunnet må framleis spele ei viktig rolle i freds- og rettferdsarbeidet.
Verdssamfunnet er gjennom ei erklæring frå 190 land i 2005, forplikta til å handle aktivt og førebyggjande når folkegrupper vert truga med folkemord.
Venstre krever
At Sri Lankas regjering og LTTE umiddelbart stanser krigshandlingene og overgrepene mot sivile, og at den norske regjeringen ber FNs Sikkerhetsråd om å henvise situasjonen på Sri Lanka til ICCs aktorat for etterforskning av mulige krigsforbrytelser og forbrytelser mot menneskeheten.