Står fortsatt på sørleg alternativ

– Vi er skuffa over regjeringas bestemte haldning til bru i nord som nytt fastlandssamband. Gruppeleiar i kommunestyret, Elizabeth Toft Erichsen er skuffa men ikkje overraska over det som i dag kom frå regjeringa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Elizabeth Toft Erichsen

Ei bru i nord er verken framtidsretta eller miljøvenleg, og det løyser ingen av dagens problem knytt til aukande kø i rushtida. – Venstre vil fortsatt arbeide og argumentere for at det skal komme eit sambandet som skal gå i tunnel sør på Sotra, lover Toft Erichsen.

Dette meiner Venstre fordi:
• det er det mest framtidsretta alternativet
•* det gir bebuarane i regionen eit alternativ
•* det styrkar beredskapen
•* det vil unngå at all trafikk frå regionen vert slusa gjennom eit allereie hardt belasta område
for så å møte den aukande trafikken frå Askøy. Vi er redd for at dette vil skapa nye problem
•* det fører mykje trafikk utanom Bergen og reduserer dermed forureininga der
•* det kan gi Bergen, som allereie har arealproblem, ein avlastning og føre til ekspansjon på søre Sotra

Som strakstiltak for å betre på dei trafikkale problema inntil nytt fastlandssamband vert etablert, vil Venstre gå inn for eit utvida og billigare busstilbod mellom Sotra/Øygarden og Bergen. – I rushtida meinar vi også at eit tilbod om gratis buss til Bergen må vurderast, seier Toft Erichsen. Ho nevner også andre strakstiltak som bygging av gang- og sykkelveg over Sotrabrua.

Venstre vil også gå inn for at det så snart det let seg gjere, vert bygd eit Park & Ride-anlegg på Straume der bilistar kan parkere for å ta bussen til Bergen.

Les meir her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**