I forrige generasjon var det mogleg for dei som var skuletrøtte å ta seg ein tur til sjøs, eller gå i lære i andre praktiske yrke. I dag skal alle gjennom den same teorimølla, og det er svært øydeleggande for dei som er meir praktisk enn teoretisk anlagt. For mange svekkar dette motivasjonen for å gå på skulen, og ein del går rett inn i ein passiv tilstand som stønadsmottakar.
Venstre meinar at vi treng eit systemskifte, med vekt på fleksibel og praktisk opplæring for teorisvake elevar. Difor vil vi ha alternative arenaer for læring. Forsøksprosjekt med praksisbrev og andre meir prosjektorienterte alternativ i skulen, kan for veldig mange vere ei løysing. Venstre vil jobbe for at fleire slike prosjekt vert utarbeida.