Aktiv mars månad for Voss Venstre!

Info.brevet for mars fortel at Venstrerepresentantane i Voss har markert seg i mange saker; m.a.
om uadressert reklame, symjebasseng, tilbygg (for NAV) til Tinghuset, parkeringsløyve for flyttingshemma og “Earth Hour”.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


02.04.09
INFO.BREV 4/09
I info.brevet for februar fortalde vi at Utval for miljøog kultur (MKU) med dobbelrøysta til leiaren – som er frå SV – avviste eit framlegg frå Venstres Anne Jorunn Ryum Møen om at Voss skulle søkja om å bli forsøkskommune for spegelvending av ordninga med uadressert reklame i postkassane. Dette fekk også eit oppslag i lokalavisa "Hordaland". Leiaren forsøkte så i "Hordaland" å gi eit slags forsvar for stemmegiinga si. Knut Olav Nestås svara på dette i eit klart innlegg i "Hordaland" for 21.mars, og oppfordra til at V og Sv burde kunna stå saman i miljøsaker.

Spørsmålet om kor lett eller tungt det er for forflytningshemma å få parkeringsløyve i Voss sentrum, har skapt store overskrifter og mange innlegg i "Hordaland" i mars. Saka har bakgrunn i at Venstres Rolf Abrahamsen, som leiar i klagenemnda, i kommunestyret (KST) 19.febr. reiste spørsmålet om ikkje praksisen i Voss kanskje var heller streng. KST vedtok så samrøystes eit framlegg frå han om at administrasjonen skal førebu ei sak om praksis for tildeling av slike løyve.

Også saker i KST-møtet 26.mars har gitt store overskrifter i lokalavisa; m.a. utbygging av symjebasseng og badeanlegg, tilbygg til Tinghuset og inntektsgiande tiltak i kulturhuset.

Når det gjeld saka om symjebasseng og badeanlegg; sjå eige oppslag på heimesida vår.

KST vedtok vidare å byggja eit relativt stort tilbygg til Tinghuset. Kommunen har tidlegare lova å skaffa NAV lokale her, og er p.g.a tidsomsyn komen i ein viss tvangssituasjon. Venstre reiste, særleg i førebuande behandling i formannskapet (FPL), sterk kritikk over utforming og plassering av tilbygget. Bygget vil etter vår meining i stor grad øydeleggja den heilskaplege og gode. arkitekturen som Tinghuset no representerer. Vidare har det vore ein diskusjon mellom dei tilsette om graden av "kontorlandskap" Rolf Abrahamsen uttrykte derfor i KST at ein la til grunn at det i det vidare arbeidet blei nær kontakt om dette med dei tilsette, særleg i Arbeidsmiljøutvalet.

Som kjent har Venstre i mange samanhengar peika på at Voss er lite flinke når det gjeld å ta omsyn til det estetiske ved løyve til nye bygg. I dette KST-møtet gav dette seg også uttrykk ved at vi stemte mot å endra (nyleg vedtatt) reguleringsplan for Tvildemoen pga. oppføring av eit nytt bygg .

Bygginga av det nye kulturhuset skrir jamt framover. Men planlegginga av det "indre livet" —utanom dei aktivitetane som skal få lokale der, – bibliotek, kulturskule, kyrkjekontor, vaksenopplæring, turistinfo. — har ikkje hatt same framdrifta. Derfor var nok relativt mange litt uførebudde på ei KST-sak om klarsignal for lån på 1,7 mill. for å finansiera ein film som skal presentera Voss; ein turistfilm — og som ein reknar skal kunna gi ein del inntekter. I tillegg kom innspel frå Destinasjon Voss og Festival Voss som klaga over at dei ikkje var trekte inn i saksførebuinga. I same sak var det også opplyst at kraftfondet (= Utval for næring og tiltak) hadde løyvd 0.5 mill for å kjøpa kulissar m.v. og rett til å visa snuttar frå den nye Blånissefilmen som no er i produksjon. Her som kjent mange opptak gjort på Voss. Kulissar m.v. er tenkt nytta til å laga ei "blånissegrotte" i kjellaren. Lang debatt, men samrøystes vedtak om låneopptaket. Fleirtalet ønskte også at Destinasjon Voss og Festival Voss skulle dragast inn i det vidare arbeidet.

Venstregruppa og —styret har fleire gongar drøfta korleis vi kan få kulturen i Voss — og Venstre sin politikk her – meir i fokus, ikkje minst i høve ttil det nye kulturhuset. Vi tar no sikte på eit diskusjonsmøte ein av dei par siste dagane i april. Førebels arbeidstittel: "Kva er Voss sin kulturelle identitet — og kva muligheter og utfordringar gir det nye kulturhuset oss?" Flott om du har innspel til dette!!

Elles har Knut Olav Nestås gjort ein stor jobb med å få merksemd om “Earth Hour”. I eit brev frå Venstre i Voss, Granvin og Ulvik til ordførarane i desse kommunane og Vaksdal gav ein ros for at Voss kommune hadde meldt seg på – men oppfordra så dei andre til å følgja opp både i kommunale bygg og med sterke oppfordringar til innbyggjarane. Laga hadde dessutan annonse i “Hordaland”, der ein også elles fekk bra oppslag. Ideen og brev blei formidla vidare til Odda, som også fekk med seg Ullensvang på aksjonen.
TG

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**