Venstre vil vurdere samarbeid med UWC om kulturhus

“Fjaler kommune må avklare med UWC om grunnlaget for eit mogeleg samarbeid om framtidig kultursal på Haugland.” Dette var Venstre sin bodskap då kommunestyret drøfta kulturhus-saka 23. mars. Og ordførar Helle sa ja til å kontakte leiinga ved UWC.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


"Det er sjølvsagt flott og ideelt med eit kulturhus i Dale sentrum. Men det er lite hjelp i vyane dersom vi ikkje er i stand til å realisere dei — og ikkje kan forsvare pengebruken," sa Venstre-representant Hogne Kvangarsnes under debatten i kommunestyret. "Rapporten frå Cubus ber preg av ideelle fordringar. Har vi verkeleg råd til å bygge og drifte eit kulturhus slik det er tenkt i denne rapporten?" spurde Kvangarsnes som meinte at saka var i ferd med å hamne i ei blindgate.
"Vi må våge å tenke alternativt i den vidare prosessen. Fleire steinar må snuast. Utan nye idear og grep, er eg redd dei ideelle planane vil hamne i skuffen og samle støv. Kulturhus-definisjonen er ikkje den mest sentrale for oss. Vi har mange lokale kring om i Fjaler som kan ivareta det kulturelle mangfaldet på ein god måte i fleire år framover."
Kvangarsnes uttrykte at det viktigaste for Venstre er å arbeide for ein moderne kultursal i Fjaler — ein storstove der folk kan sitte godt, sjå godt og høyre godt.
"Kanskje er det mogeleg å få til eit samarbeid med UWC? På 1990-talet vart det seriøst arbeidd med spanande planar om ein regional kultursal i samband med utbygginga på av UWC. Kultur- og næringssjefen la ned ein stor innsats for å få til dette. Men manglande finansiering gjorde at det som skulle bli kultursal, vart redusert til ein sal med 240 sitteplassar utan scene," sa Kvangarsnes.
"Truleg kan setekapasiteten her aukast, scene kan byggast mot sør-vest og mykje av infrastrukturen er alt på plass. Kanskje kan det finnast gode samdriftsfordelar mellom UWC og kommunen?" avslutta Kvangarsnes som altså fekk med seg kommunestyret på at kommunen skal ta initiativ overfor UWC for å avklare grunnlaget for eit mogeleg samarbeid om framtidig kultursal på Haugland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**