Sande-bysta får stå – nytt vers på “Bautabyste-visa”

Fjaler kommunestyre har på nytt handsama saka om flytting av Sande-bautaen. Og etter at AP, SV og dei ekskluderte frå SP snudde tvert om og gjorde felles sak med Venstre, Høgre og Krf, vert bysta ståande på plassen sin ved Fjaler ungdomsskule. “Dermed var det grunnlag for eit endå eit vers på Bautabyste-visa,” seier Hogne Kvangarsnes som no kan presentere det som truleg er den endelege versjonen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Bautabyste-vise for Fjaler

Fritt etter "Skigardsvise"

Det står ein bauta — ein gråsteinbauta merkt av tidens tann.
Den heidrar minnet til J.T. Landmark, slik ein kunnskapsrik og framsynt mann.
Men somme ville ha steinen flytta i frå Tysse ut til Lillingston.
"Ein bauta kan vel alltid flyttast, veit du,
kan sjølvsagt verte flytta."

Og dugnadsgjengen frå Straumsnes heiv seg på i dødsforrakt,
med spett og spade og slit og møye – dei flytta steinen bort i all sin prakt.
Då vart det oppstyr, eit reint rabalder med rop om overgrep og skjenderi.
"Ein bauta kan då ikkje flyttast, veit du,
skal aldri kunne flyttast!"

Det står ei byste av Jakob Sande, diktar-kjempa vår.
Den står på sokkel ved ungdomsskulen, den har stått der mest i femti år.
Men somme ville ha bysta flytta bort i Klokkargardens park-anlegg.
"Ei byste kan vel alltid flyttast, veit du,
kan sjølvsagt verte flytta."

Kommunestyret sa ja til flytting tretten imot ti.
Det vekte røre og diskusjonar, sterke meiningar og skriveri.
Og somme takka og sa seg samde med Torodd Fagerheim som skreiv som så:
"Ei byste kan då ikkje flyttast, veit du,
skal aldri kunne flyttast!"

Og Erling Haugsbø han laga lister – "Kom og skriv deg på,
det er respektlaust med slikt eit vedtak, lat no Jakob`n i fred få stå!"
Ordførar Helle kraup så til korset – og med freidig mot forkynte at:
"Eit vedtak kan då alltid endrast, veit du,
kan sjølvsagt verte endra!"

Men Kyrkjebø’n fann riset fram, med beiske piskesnert
han refsa Helle for slurv og feigskap, meinte sakspapira var ein fjert.
Kommunestyret tok nok ei avgjerd, mens moralen kanskje blir som så:
Reis ingen fleire bautasteinar, veit du,
reis aldri fleire byster!

Hogne Kvangarsnes, Flekke

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**