Nytt symjebasseng på Voss – og badeanlegg ein annan stad?

Voss kommune har no berre eit 16m basseng i Voss ungdomsskule. Dette dekkjer korkje opplæringsbehovet i skulane, behovet til symjegruppa i idrettslaget og folk flest sitt behov for eit badeanlegg. Fleire komitear har vurdert saka – utan at noko har skjedd. Men 26.mars kom det endeleg ei sak til behandling i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Fleirtalet i formannskapet hadde innstilt på å få eit kostnadsoverslag for rehabilitering/utviding av eksisterande symjebasseng i Voss ungdomsskule. Vidare at kommunestyret skulle vera positiv til ei kostnadsvurdering av, og til å gi støtte til, eit badeanlegg ved Hagahaugen rehabiliteringssenter (som er heileigd av kommunen).

Venstre gjekk i formannskapet mot denne siste delen av tilrådinga. Eit badeanlegg på Hagahaugen, ca. 3 km frå sentrum, vil av miljømessige og kostnadar for brukarane, og økonomisk for kommunen, vera svært uheldig. I staden føreslo Venstre at utgreiinga om bassengutbygginga ved Voss ungdomsskule – midt i sentrum – også skulle opna for ei event. seinare utviding til badeanlegg. Berre V stemte for dette i formannskapet.

Men då Venstre argumenterte sterkt for dette i kommunestyret, slutta mange seg til framlegget. Etter ein lang debatt mangla det berre ei røyst på fleirtal; 20 mot 21! ( Dei fleste partia delte seg, men i Ap var dei fleste mellom dei 21.) Etterpå blei eit omforent framlegg, der ei event. Hagahaugutbygging ikkje var nemnt, samrøystes vedtatt.
Torstein Gunnarson

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**