Nei til Sørestrandvegen

Med 12 mot 11 røyster gjekk politikarane tysdag inn for stenging av Sørestrandvegen så snart den nye vegen nord for flyplassen er på plass. Dette til trass for underskrifter frå 500 personar om å behalde vegen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Ved voteringa hadde det ingen verdi at 5 av 6 medlemmer i teknisk komite før hadde gått inn for alternativet med kulvert.

Fly

Foto: Microsoft

Giske Venstre vil fortsetje å arbeide for ei framtidsretta vegløysing på Vigra, og i resten av kommunen. Lokalpolitikarane er valde av folket, og skal vere folket si røyst, samstundes som ein har eit samfunnsperspektiv. Vi meiner ikkje at å gå for ei kulvertløysing ville gjere at dette vart motsetningar.

—Ja, vi har eit ansvar for flyplassen, men vi har først og fremst eit ansvar for Giske kommune. Vigra er den øya med størst utviklingspotensiale, kommunen er attraktiv og mange kan tenkje seg å flytte hit. Eg trur stenging av Sørestrandvegen samstundes stenger for utviklinga på Vigra, uttalte Britt Giske Andersen (V) til lokalavisa Øy-Blikk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**