Ludvigsen meiner at det må vere opp til kvar einskild pasient om helseopplysningar skal gjerast tilgjengeleg for andre. Pasienten må ha kontroll på kva opplysningar som skal distribuerast, seier Ludvigsen (V).
Krev stans av nye register
Det fins eit uttal av helseregister, og Venstre vil ha ein kritisk gjennomgang av dei registra som allereie eksisterer før ein etablerar enda fleire slike register. Venstre er positiv til Kreftregisteret, men kritisk til at stadig fleire register vert oppretta, meiner Gunvald Ludvigsen (V). – Venstre krev stans i opprettinga av nye register før ein har avslutta denne gjennomgangen, fortsett Ludvigsen (V).
Ingen kvalitetssikring
Undersøkingar syner at det er mykje snoking i helseregister. Vikarar låner andre passord og dermed blir det også vanskeleg å sjekke i ettertid om innsynet i journalen eigentlig var nødvendig. – Det fins pr i dag ikkje system som kvalitetssikrar at opplysningane i journalen er riktige. Venstre ønskjer at det satsast på elektroniske pasientjournalar, men det er en lang vei å gå før opplysningane faktisk kan brukast, seier Ludvigsen (V).
Venstre sine forslag :
– stanse nye helseregister inntil dagens register er gjennomgått
– sikre rutinar slik at sensitive helseopplysningar ikkje formidlast i påhøyr av andre
– legevisitten bør reformerast på en slik måte at teieplikta vert tatt omsyn til
– utvikle standarden for elektronisk postjournal slik at individualiserande kjenneteikn ved enkle grep kan erstattast med genererte pseudonym.
– greie ut behovet for at tilgang til pasientjournalar på tvers av helseføretaka
– etablere rett til innsyn i tilgangsloggen til pasientjournalen
– opprette ei løysing med sokalla elektronisk kjernejournal der den einskilde kan
samtykke til at livsnødvendige opplysningar kan lagrast med pseudonym og kryptert.