Vil ha med ungdom på Landsmøte

Sogn og Fjordane Venstre ønskjer å ha fleire ungdommar med som observatørar til Landsmøte i Stavanger 24.-26. april. Fylkesårsmøtet vedtok i år som i fjor at Fylkeslaget og Sogn og Fjordane Unge Venstre dekkjer reise, opphald og deltakaravgift for dei som ønskjer å vere med som observatør.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

 Fire unge menn vart med på Landsmøte i 2008

Fire unge menn vart med på Landsmøte i 2008

Landsmøtet i 2008 var på Sundvollen og då fekk vi med oss fire flotte ungdommar frå Fjaler, Eid, Selje og Gulen.

Vil du vite meir om landsmøtet i Stavanger sjå Temasidene: Landsmøte 2009.

Ungdom som er interessert i å reise som observatør til Landsmøtet tar kontakt med fylkessekretær Linda Ness Rotihaug på telefon 45 51 51 52 eller send ein E-post til [email protected].

Vi ønskjer ungdom velkommen til å reise som observatør til Stavanger!

Landsmøte, hotell, Stavanger, utsikt

Landsmøte, hotell, Stavanger, utsikt
Foto: Steinar Haugsvær

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**