Stortingsvalprogram og pizza på menyen

Fredag 27. mars var landsmøtedelegatane samla på Peppes Pizza for utspørjing framfor Landsmøtet i Stavanger. Sogn og Fjordane Venstre har valt åtte delegatar som reiser 24.-26. april. To av delegatane er frå Unge Venstre, leiar Janne Sørum og Sigve Taklo Sekse, begge frå Leikanger.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


På Peppes Pizza i Førde hadde delegatane først fellessamling med fylkesstyret, før dørene vart opna opp for lokallaga, og her kom medlemmer frå Askvoll, Førde og Hornindal.

Utgangspunktet for dette opne møtet med delegasjonen var å få fram syn og meiningar i Stortingsvalprogrammet 2009-2013. Størst fokus fekk delegatane sitt standpunkt til EU. Andre tema som delegatane fekk gode innspel på var landbrukspolitkk, rovdyr, pelsdyr, strandsonepolitikk og kraftlinjer.

Landsmøtedelegatane som reiser til Stavanger er:

•Fylkesleiar Torbjørn Kolås, Gulen
•1. nestleiar Eva Ramstad, Sogndal
•Fylkestingsrepresentant Marit Barsnes Krogsæter, Flora
•Stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen, Eid
•Medlem Unge Venstre Sigve Taklo Sekse, Leikanger
•2. kandidat Bjørg Mikalsen, Flora
•3. kandidat Janne Sørum, Leikanger
•4. kandidat Gunhild Berge Stang, Askvoll

Landsmøtedelegasjon Sogn og Fjordane
Landsmøtedelegasjon Sogn og Fjordane
Ope møte med landsmøtedelegatane
Ope møte med landsmøtedelegatane
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**