Leiar i Balestrand Venstre, Råmund Nyhammer sende ut etterlysning om det var lokallag i Sogn og Fjordane som vart stifta før dei, men ingen har meldt seg som eldre enn Balestrand Venstre.
Respekten for einskildmenneske og ansvaret for fellesskapen er sjølve grunntanken til Venstre. Ser ein på «Love for Balestrand venstreforening», vedtekne på skipingsmøte i 1884, ser ein at dette synet var viktig også den gongen. «Balestrand venstreforening har sat sig som mål på forfatningens grund at støtte den frisindede politik og at fremme politisk og anden oplysning», står det i §1.
Les meir om 125 åringen på Balestrand Venstre sine heimesider.
Er lokallaget ditt eldre enn Balestrand? Meld inn til leiar i Balestrand Venstre, Råmund Nyhammer eller fylkessekretær Linda Ness Rotihaug.