Stor Earth Hour-suksess i Arendal!
På storskjermen på Arendal kulturhus var det nedtelling fram mot kl 2030.Sam Eydes plass blei mørklagt, leiinga i Sparebanken Sør slo av alle lys i heile bygget, klokka på Trefoldighetskirken blei mørk, gatelysa langs Peder Thommassens gate blei mørke, gamle «Sjømannsskolen» slokte alle lys, fleire restaurantar serverte med stearinlys på borda, og inne i Arendal kulturhus la Ingrid Bjørnov inn markeringa av Earth Hour i forestillinga si.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**
På Sam Eydes plass var det sjonglørar frå mange land, Røde Kors-ungdommar, pinnebrød, lys langs kantane – og visegruppa Oss som gleda med song.
I alle etasjar i Amfi Arena blei lysa slokt. Og langs E18 i Austre Moland var det knapt eit lys å sjå i husa.
Vi i Arendal Venstre er strålande nøgde, og gleder oss alt til enda større aksjon neste år.
På bilda ser vi leiar Jan Kløvstad i Arendal Venstre, mørklagt Arena Amfi, mørklagt Trefoldighetskirke, mørklagt Sam Eydes plass, mørklagt Sparebanken Sør og Visegruppa Oss.
Vel blåst!
Les også om aksjonen på Agderposten.no, og Arendals Tidende.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**