Venstre og FrP med felles front!

Noko av det beste med å vere eit moderne, liberalt sentrumsparti er mogelegheita når det kjem til samarbeid, både til høgre- og til venstre i det politiske landskapet. På denne måten kan ein fyrst og fremst tenkje på kva politikk ein meiner er best for borgarane i kommunen. FrP og Venstre hadde felles front i kommunestyret 26.03.09, men litt forskjellig argumentasjon var lagt til grunn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


I saka om "Forskrift om vass-og avløpsgebyr i Voss Kommune" hadde FrP og Venstre eit felles forslag. Forslaget vårt ynskte å auke forbruksgebyret så me kunne redusere abonnementsgebyret. På denne måten blir det lettare å nytte gebyrregulativet som ein komponent, ikkje berre for å dekke dei faktiske kostnadane, men også forbruk. Dessutan kunne me redusert abonnementsgebyret, som i alle tilfeller bør vere så lågt som mogeleg for forbrukaren.

FrP, Høgre og Venstre stemte for dette i kommunestyret og blei i mindretal. Dei andre føretrekker at forbruk skal bety mindre og forbrukaren skal betale meir, heilt uavhengig av forbruk. Så veit me det.

I ei tid der forbruksvanane til kvar enkelt av oss står i fokus, bør me studere alle verkemidlar nøye. Venstre er for ein avgiftspolitikk der forbruk og forureining skal skattleggjast hardare, mens ein bør lette skattetrykket på mellom anna arbeid og formue.

• Knut Olav R. Nestås
Kommunestyrerepr., Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**