Venstreleiarane i Odda og Ullensvang meiner det er på sin plass at Indre Hardanger sluttar seg til kampanjen. I eit ope brev til ordførarane har dei ei enkel oppmoding til kommunane og innbyggjarane: «Sløkk ljosa i ein time!»
– Vi er ein del av verda. Vi er også ein del av løysinga, poengterer Venstre-leiar Inge Børslien i Odda.