Venstre oppmodar til Earth Hour i Setesdal

Earth Hour er største miljøkampanjen i verda med mange millionar menneske som slokker lyset laurdag 28. mars kl 2030-2130. Denne symbolske handlinga er både ei påminning om det enorme energiforbruket vi har, og at vi må spare noe meir på ressursane framover.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Det heile starta i Sydney for få år sidan, og nå er privatfolk, organisasjonar, kommunar og storbyar i det meste av verda med. Norge er med for første gong i år. Venstre i Setesdalskommunane oppmodar alle setesdølar og hyttegjestar om å slå av lyset laurdag kveld i solidaritet med miljøet og dei generasjonane som kjem etter oss.

På heimesida www.wwf.no er det meir informasjon om denne imponerande kampanjen.

Beste miljøhelsing frå
Venstrelaga i Iveland, Evje og Hornnes, Bygland og Bykle

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**