Meld deg på Earth Hour!

Sør-Trøndelag Venstre oppfordrar alle til å bli med på ei global klimamarkering laurdag gjennom å slå av lyset i ein time laurdag kveld. – Earth Hour er ei symbolsk markering for å vise at vi bryr oss om planeten vår, og at vi ønsker å gjere noko, seier nestleder Lavrans Skuterud.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Jorda

– Om du ikkje allereie har bestemt deg: Bli med på den internasjonale markeringa Earth Hour på laurdag! Slå av lys, TV, PC og unødig elektrisk utstyr kl.2030-2130, og ta eit slag kort eller finn fram eit brettspel i lyset frå stearinlysa! Finn på noko hyggeleg som ikkje krev strøm, og marker at vi må gjere noko aktivt for klimaet på jorda! seier Skuterud.

 Lavrans Skuterud

Lavrans Skuterud

På www.earthhour.no[/link] kan du melde deg på i margen på venstresida, og der kan du også sjå video og lese meir om denne kampanja som starta i Australia i 2007 og som håpar å få 1 million menneske og 3000 byar som medlemmar innan laurdag.

– Dette krever så lite, men er likevel så stort! Bli med! oppfordrar Skuterud.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**