Hareid og Ulstein – ei kommune?

Styret i Hareid Venstre hadde styremøte onsdag 18. mars, og har kome med fylgjande uttale:

Hareid Venstre meiner tida er mogen for samanslåing av kommunane Hareid og Ulstein og vil ta initiativ til å få dette på dagsorden i Hareid kommunestyre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Bakgrunnen for at vi tar opp dette no, er at kommunane våre står framfor store kompetanseutfordringar for å utføre både eksisterande oppgåver og nye oppgåver som kommunane snart får tilført innan helse og omsorg. Hareid Venstre meiner at kommunane kvar for seg på fleire område har for små fagmiljø til å bygge opp nok spesialkompetanse og få naudsynt utvikling. Dette må til for at vi også i framtida skal vere attraktive kommunar å bu og drive næring i. Vi ser også interkommunale selskap raskt kan få demokratisk underskot. Vi meiner det er betre tenestene blir styrt direkte av dei folkevalde.

Hareid og Ulstein har fått stadig fleire samarbeidsprosjekt. Vi meiner det no må vere mogeleg å skape forståing for kvar kommune sin eigenart, kultur og identitet. Sjølv om vi får ein felles kommune med eitt felles kommunenamn og ein felles administrasjon, må tettstadene i dei to kommunane utviklast slik at også identiteten og stoltheita hos dei som bur der får vekse på ein måte som er positiv for heile øya.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**