Utfordrar helseministeren om personvern

– Det er eit sjukdomsteikn når det er mogeleg for Helsedirektoratet å pålegge norske sjukehus ulovleg registrering av personskader, meiner Venstre helsepolitiske talsperson Gunvald Ludvigsen. — Mengda av helseopplysningar som skal registrerast er for stor. Dette gjev mykje rot og uklarheit og er eit trugsmål mot personvernet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

 Gunvald Ludvigsen har spurt helseministeren om registerpause.

Gunvald Ludvigsen har spurt helseministeren om registerpause.
Foto: Rune Kongsro

Tysdag kom det fram at Helsedirektoratet har pålagt alle norske sjukehus å registrere alle personskadar, utan at det har vore høve til dette gjennom lovverket. Helsedirektoratet har lagt seg flat og bedt sjukehusa om ikkje å nytte dei innsamla data til noko som helst. Det er ikkje første gongen Helsedirektoratet har bedt om datainnsamling utan slik heimel.

Støtte frå Personvernkommisjonen
– Eg har no sendt helse- og omsorgsministeren spørsmål om han vil stoppe opprettinga av fleire helseregister inntil alle dagens helseregistre har blitt gjennomgått med omsyn til personvernsproblematikk, seier Ludvigsen. Personvernkommisjonen som nyleg la fram si innstilling, gjekk inn for pause i helseregisterutviklinga inntil ein slik gjennomgang var på plass.

– Det er mykje uklarheit knytt til helseregistre og innsamling og registrering av pasientopplysningar. Når ikkje ein gong Helsedirektoratet kan gje rett informasjon til helseforetaka om kva som kan registrerast, så viser det at det er for mykje rot og uklarheit, meiner Ludvigsen.

Fare for helseopplysningar på avvege
– Vi skal vite at uklarheit knytt til kva data som kan registrerast, kan føre til ei alvorleg svekking av personvernet. Ingen er tente med at helseopplysningar kjem på avvege og denne saka viser at det framleis er stor fare for det, avsluttar Ludvigsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**