Vellukka samling om kvalitet i skulen

Når Odd Einar vitja Eid 10. mars var det ein kompromisslaus politikar tilhøyrarane fekk høyre. Tre sentrale område sikta han då til: 1. Vi må ha nok lærarar. 2. Ei systematisk og god vidareutdanning. 3. Reformer lærarutdanninga og lærarutdannarane. Slik vil Odd Einar auke kvaliteten i skulen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Odd Einar Dørum

Eid Venstre inviterte breiddt ut til samlinga kvalitet i skulen: Frå ord til handling. Vel 40 møtte fram og det var ei vellukka samling. Odd Einar engasjerte på sin gode måte og det var gode debattar.

Odd Einar snakka mellom anna om Oslo-skulen som har jobba godt og systematisk med kvaliteten i skulen, og utfordra politikarane i Eid til å bruke tid på drøfte kva som er poenget med skulen, og kva ein vil med den. — Det er heilt normalt at skulens eigar fører normale debattar om kva ein vil med skulen. Ikkje minst er det viktig at vi har gode læringsmiljø og skuleleiarar som er tydelege, gode leiarar med god leiarkompetanse. Sats på skulen. Sats på skuleleiaren. Sats på å ta tilbake debatten om innhald og kvalitet i skulen, sa Odd Einar Dørum.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**