Dette var dei krystallklare prioriteringane Odd Einar Dørum sette fram for å auke kvaliteten i skulen,
då han innleia til debatt under Eid Venstre sitt møte om kvalitet i skulen tysdag kveld.
Vel 40 personar møtte fram til skuledebatten som Eid Venstre inviterte til tysdag kveld. Dei fleste av
tilhøyrarane hadde ei eller anna form for tilknyting til skulen. Overraskande nok var det få skulepolitikarar som hadde funne vegen til debattmøtet. Enkelte parti glimra også heilt med sitt fråvere. Som Fjordabladet skreiv i sin reportasje; om dette er eit teikn på at ein ikkje bryr seg, eller at ein ikkje går på politiske motstandarar sine møte, skal vere usagt. Men det er påfallande og kanskje urovekkande når «store» politiske parti som Senterpartiet vel å halde seg borte, når innhald og kvalitet i skulen vert sett på dagsorden.
Dørum meiner at framtidas lærarar må gjennom ei femårig høgskuleutdanning, som endar opp i ein mastergrad. Men vel så viktig som å utdanne lærarar for framtida, er det utdanne lærarutdannarane.
Samlinga på Nordfjordeid var veldig vellukka og Eid Venstre oppmodar andre å arrangere liknande arrangement om kvalitet i skulen.