Historikk om Bø Venstrelag m.v

Det var under dei harde politiske stridane sist i førre hundreåret at Bø Venstre vart skipa. Datoen var 14. mars 1893. Me er så heldige å ha alle protokollar frå heile denne tida i Bø lokalhistoriske arkiv, altså eit viktig og aktuelt arkivmateriale som ligg og ventar på at nokon vil gå laus på ei hovudoppgåve eller masteroppgåve i historie på denne partihistoria.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Det var sakførar og stortingsmann Gjermund Grivi som vart vald til første formann. Han budde på garden med det store dobbelthøgda huset like ved Bø skule, som og vart kalla skrivargarden. Gjermund Grivi, Neri Valen og Hallvard Eika var alle på Stortinget og markerte politikarar i si samtid.

Bø Venstre har og spela ei stor rolle i kommunepolitikken med mange ordførarar og mange gode saker som partiet fekk igjennom, ikkje minst i skulesektoren: nynorsk handelsskule, statsrealskule, landsgymnas og distriktshøgskule. Neri Valen var sentral ved etablering av dei tre første institusjonane og Hallvard Eika ved lokaliseringa av distriktshøgskulen til Bø. Gjermund Grive minnest vel i dag mest for at han fekk jernbanen om Bø (Grivisvingen).

Telemark distriktshøgskule (TDH), var fram til samanslåinga i 1994 av dei fire høgskulane i fylket den førande institusjonen innan høgare utdanning og forsking i Telemark. TDH hadde eit svært godt namn som studiestad i systemet av distriktshøgskular i Noreg. Etter samanslåinga er institusjonen ei avdeling av Høgskolen i Telemark med hovudsete i Porsgrunn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**