Frå buplikt til bulyst

I Noreg har me to typar buplikt: Ei statleg og personlig buplikt for landbrukseigendomar over ein viss storleik, og ei kommunal og upersonlig buplikt for heilårsbustadar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Fylkesleiar Torbjørn Kolås

Venstre vil mjuke opp det statlege bupliktsregelverket for landbrukseigedomar, slik at det som utgangspunkt vert opp til gardbrukarane sjølv kvar på garden dei vil dyrke ny mark, byggje hus, plante skog eller kven dei vil selje eigedomen til. Som regel er kvar gardseigar sjølv best kjend med kva som er best nytte og bruk av sin eigedom og kven som bør ta vare på den i framtida. Derfor bør det og hovudsakleg vere opp til denne å forvalte eigedomane, utan at kommune, fylke eller stat skal bruke mykje tid og mynde på å overprøve gardbrukaren sine ynskjer.

Venstre vil ha ei meir aktiv busetnadspolitikk for dei landbrukseigedomar som i all hovudsak er ein stad å bu. Det bør først og fremst vere lyst og engasjement til å drive gardsbruk som er drivande for om ein ynskjer å overta ein landbrukseigedom, ikkje plikt og eller arv. Gjennom fødsel gjev odelslova fortrinnsrett til nesten 80 prosent av landbrukseigedomane i Noreg.

Venstre meiner dagens forbod mot å dele opp ein eigedom som nyttast til jordbruk eller skogbruk er eit lite treffsikkert virkemiddel for å sikre forsvarlig drift og samfunnsnyttig bruk av arealressursane. Ei oppheving av delingsforbodet vil leggje til rette for gode løysingar i eigar- og bruksutvikling og ein bruk av areala som vil vere i samsvar med ein meir framtidsretta landbrukspolitikk. Derfor er det føreslått i Venstre sitt stortingsvalprogram å redusere den statlege buplikta, odelslova samt delingsforbodet i jordlova.

Me i Sogn og Fjordane Venstre er opne for innspel om korleis nye reglar bør utformast, slik at me får reglar best mogeleg tilpassa vår felles framtid.

Innspel og spørsmål kan rettast til fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Torbjørn Kolås.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**