ei hyggeleg markering ved Skjulestad i Austre Moland av at E18 Tvedestrand-Arendal er kome inn i Nasjonal Transportplan. Venstre inviterte også med seg ordførarane i Tvedestrand og Arendal, og Senterpartiets førstekandidat Kristen Bjormyr til markeringa.
Nå er klarsignalet for planlegging komen. Neste etappe er kommunedelplan og reguleringsplan, iblanda noen runder med finansiering. Går dette arbeidet Venstre håpar, kan vi ha godt håp om ein ulykkesfri firefelts E18 rundt 2017-2018.
– Vi har høyrt i løpet av dagen av både Senterpartiets Bjormyr og Arbeidarpartiets de Ruiter snakkar om tidlegare oppstart, men det må skuldast at dei ikkje har fått sett seg inn i arbeidet med å få denne nye, viktige og trygge E18-strekninga, seier gruppeleiar Jan Kløvstad i Arendal Venstre.
Dei store orda på førehand om satsinga på Eidangertunnelane og samankopling Vestfoldbanen og Sørlandsbanen er ikkje følgt opp så godt som dei fleste hadde trudd, men det er gledeleg at også E18 gjennom Bamble får planleggingspengar nå.
Les i Agderposten og sjå TVA her og Arendals Tidende her. Tvedestrandsposten var også på plass, og det samme var NRK Sørlandet.
Tidlegare på dagen var også Venstres Jan Kløvstad i NRK radio om den nye transportplanen. – I dag er det blitt tryggare å vere sørlending, sa Jan Kløvstad i Sørlandssendinga.