SV si dobbeltstemme felte miljøsak!

Voss Venstre har jobba for å gjere Voss til ein føregangskommune i Noreg knytt til reservasjon mot uadressert reklame. To ganger har me fronta saka i kommunestyret i form av interpellasjonar, og sist i Utval for Miljø- og kultur, 05.03.09. Her blei saka nedstemd.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Repr. Anne Jorunn Ryum Møen kom med slikt framlegg til vedtak ;
» MKU vil be ordføraren om å førespyrje regjeringa om å bli ein forsøkskommune for spegelvending
av dagens reservasjonsordning mot uadressert reklame»

I utvalets møte var det leiar av MKU, Rigmor Skeie Petersen(frå SV) si dobbeltstemme som gjorde at saka falt.

SV har støtta dette initiativet tidlegare, men valde no å stemme det ned. I Venstre er me overraska over at SV har støtta saka i kommunestyret, men vel å stemme det ned i MKU.

Venstre har vore eit miljøparti i fleire ti år. Sosialistisk Venstreparti har og tradisjonelt profilert seg som eit miljøparti. Voss Venstre ynskjer å ha fleire parti på same sida når me frontar gode miljøsaker. Spesielt er det viktig at dei partia som profilerar seg som miljøparti, evnar å stå saman.

• Anne Jorunn Ryum Møen,
repr. i Utval for Miljø- og Kultur

• Knut Olav Nestås,
kommunestyrerepr.,
leiar, Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**