Alt for defensivt av SV, SP og AP!

Det er nok av utfordringar når det kjem til klima- og miljø i Voss. Det viser den planen for klima og energi som Voss kommunestyre vedtok i siste møtet den 17.febr.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Hovudinnlegget frå Senterpartiet i debattten dreia seg om skogen, som når den er i vekst tar opp mykje Co2. Konklusjonen var nærmast at Voss er ein karbonnøytral kommune, punktum.

Dette meinar Venstre blir for defensivt! På lik linje med alle andre kommunar i Noreg har me eit forbruk som er ein verkebyll for naturen. Sagt på ein annan måte: Ein god plan er ikkje nok, me må få gjennomført alle dei gode tiltaka! Så, kva kan me gjere med det?

For det fyrste bør ein leggje til rette for at administrasjonen og borgarane i Voss Kommune er klar over viktige punkt i klimaplanen. Det betyr at me må kommunisere planen godt nok ut til både tilsette og innbyggarane i kommunen vår. Dette kan gjerast med enkle tiltak. Mellom anna gjennom å nytte seg av enkle sjekklister for innbyggarar som skal byggje ut. Dette føreslo Venstre i sist kommunestyremøte. Her kunne ein presentert små, men viktige poeng i klimaplanen som innbyggarar og tilsette i kommunen må forhalde seg til.

I det minste kunne ein vurdert å leggje dette til rette for tilsette. Ein reguleringsplan skal ikkje vedtas utan at den er jamført med klimaplan. Er det mogeleg å leggje til rette for eit enkelt tiltak for konkret gjennomføring? Nei, seier SP,SV og AP.

Dei same partia sa og nei til å utforme ein plan over småkraftverk i Voss kommune då Venstre fronta det. Når dette blei vedtatt i klimaplanen under sist kommunestyremøte, vedtok me det samrøystes. I det heile er det trist å registrera kor mange gode framlegg Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti stemmer ned!

Dei gode løysingane — til beste for innbyggjarane i Voss kommune — må stå i fokus! SP,SV og AP meinar sjølv dette når DEI frontar forslag. Tenk om dette også kunne omfatta framlegg frå opposisjonen! Det ville ha vore det beste både for innbyggarane, lokaldemokratiet og kommunen i det heile!

Knut Olav Nestås,
repr. for Venstre i Voss kommunestyre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**